Som en del av vår opplæringsprosess, fikk
vi nokre timar med opplæring i Illustrator i dag. Dette er eit designprogram
som brukas til å designe ting som piktogram (logoar) eller for eksempel
bokomslag.
Ettersom dette var fyrste gong eg opna og
rørte eit program som dette, var det mykje frustrasjon som flaug rundt i
rommet. Kvar gong linjene ikkje ville gjere som eg ville, eller figurane ikkje
ville reagere slik som dei skulle... Likevel virka programmet ganske greitt å
bruke. På ein måte følte eg meg som ein 5åring igjen, som sat å leika med Paint
før internettet si tid. Det var ganske så spanande kan eg seie.
Om ikkje så alt for mange timar med øving,
prøving, feiling og eit aukande temperamant, vil eg nok bli betre til å få ting
til å bli som eg vil… forhåpentlegvis…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar