Som vår fyrste oppgåve i foto-opplæringa,
skulle vi læra om dybdeskarphet. Dette dreiar seg om kva, og kor mykje som skal
være skarpt i eit bilete. Dette kan me nemleg velja sjølv ved hjelp av blendaropninga.
Blendaropninga ligg i linsa og skal både
brukast for å regulera kor mykje lys som slepp inn, og kor mykje av biletet som
skal vere skarpt. Innstillinga på blendaropninga stilles ved hjelp av ein slags
skala, der låge tal tilsvarar stor blenderoping og samtidig liten
dybdeskarphet, medan store tall gir ein liten blenderoping, samt stor
dybdeskarphet.
Dersom dybdeskarpheten er liten, vil det
kun være det som er nærmast som er skarpt, medan resten er blitt uklart/blury,
og dersom dybdeskarpheten er stor vil både det som er nært og det som er
fjernt, bli skarpt.
Personleg hadde eg problem med å forstå
dette. Men etter å ha prøvd litt heima, fekk eg betre effekt på bileta. Eg vel
derfor å visa dykk både det settet med bileta eg tok på skulen, og det eg tok
heime. Slik at de kan sjå litt korleis eg tenkte og få sjå litt ulik effekt av
dybdeskarpheten.
VI SER PÅ BILETA OG KAMERAINSTILLINGANE:
F-stopp: f/ 3.5. Eksponeringstid: 1/4sec. ISO-hastighet: ISO-100
F-Stopp: f/22. Eksponeringstid 1/4sec. ISO-hastighet: ISO-3200
F-Stopp: f/3.5. Eksponeringstid: 1/320sek ISO hastighet: ISO- 3200
F-Stopp: f/22. Eksponeringstid 1/10sek. ISO-hastighet: ISO-3200
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar