tirsdag 16. september 2014

NUART I STAVANGER

Måndag 8. September, reiste vi til Stavanger med skulen for å sjå på gatekunst gjennom festivalen NuArt. For det første var det sjølvsagt interessant å bruke ein dag på å gå, i staden for å sitja rett opp ned og kikke inn i pc'en. Elles var det og veldig fint å sjå på dei ulike kunstverka som var spreidd rundt om i byen, på murer, hus og vegar.

Deikreative ideane var uendelege. Svart kvitt, fargar og 3D var spreidd rundt om i Stavanger. Nokre var vanskelege å sjå, andre var godt tydelege. Vi var og inne på Tou Scene, der årets NuArt var stilt ut. Det var utrulig tøft å sjå kor mykje fint folk hadde laga, og det fantes definitivt noko som fanga kvar og ein av oss.  

Her får de nokre bilete som viser kva vi gjorde i Stavanger og kva vi fekk sjå. Kanskje blir de sjølv inspirerte til å gjere det same ein dag? 


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar